Norsk English

Om Turrell og Hardanger Skyspace

James Turrell sine skyspace-verk er kunstbygg som lar tilskodaren sjå naturens lys på ny. Hardanger Skyspace er ein ny, fast kunstinstallasjon i Øystese, som vil gje mange gode kunstopplevingar i åra som kjem.

Den amerikanske lyskunstnaren James Turrell (fødd i 1943) hadde sitt gjennombrot på 1960-tallet, og har gjennom kunstnarskapen sin vore oppteken med lys og mennesket sin persepsjon av lys. Han nyttar naturen i kunsten sin og spelar på lag med denne. I tillegg til å vera kunstnar er han utdanna pilot og gjer bruk av fysikk og astronomi i kunsten sin. 

På nyskapande måtar utforskar han opplevinga vår av lys, farge og rom - og kunsten hans vekkjer merksemd over hele verda. I dag vert han rekna for å vere ein av dei mest respekterte og omtykte kunstnarar i verda. 

Turrell sin kunst er i høg grad sanseleg, og direktør ved Moderna Museet i Stockholm, Daniel Birnbaum, har skildra arbeidet hans som kunst med universell relevans og at den i høg grad også fascinerer dei som ikkje vanlegvis oppsøkjer samtidskunst. Den retrospektive utstillinga hans ved Guggenheim museet i New York i 2013 vart den mest sette utstillinga der gjennom tidene.

Skyspace-verka til Turrell er utforma som arkitektoniske rom og dei ligg i eit grenseland mellom arkitektur og installasjon.

Verket i Hardanger skal vere åttekanta på utsida og ellipseforma på innsida. 
I golvet er det varmekablar for vintersesongen, og det er ein innebygd benk langs veggene i rommet der det er plass til 10-15 menneske.
I taket er det ei opning som går rett ut til himmelen. Frå innsida ser ein mot, og på, himmelen.

I perioden som utgjer soloppgang og solnedgang vert tusenvis av LED-lys aktiviserte av ein datamaskin som er stilt inn mot lystilhøva på det gjeldande tidspunktet på døgnet.  LED-lysa er i sakte fargeendring og spelar opp mot himmelen ute, medan himmelen speler opp mot lysa inne i verket.
Lyset endrar seg frå intense til rolige fargeovergangar. Lysklangane er avhengige av årstid, vêrtilhøve og breiddegrad, samt plassering i terrenget.
Om sommaren kan kunstopplevinga føregå i mange timar både morgon og kveld, medan den om vinteren kan vere kort og dermed ofte meir intens. 

Kunstverket vil vere i offentlig rom og tilgjengeleg for publikum heile dagen, også utanom hovudlysspelet ved soloppgang og solnedgang. Denne typen kunstinstallasjon fremjar kontemplasjon og nærleik til naturen. 

Flere bilder

  • Hardanger Skyspace Landskap 01 Foto Helge Skodvin
  • Hardanger Skyspace Photo Helge Skodvin
  • Hardanger Skyspace Photo Helge Skodvin 3