Norsk English

Film om bilethoggaren Vik

Ingebrigt Vik (1867-1927) var ein av Noregs fremste bilethoggarar og samlinga etter han kan du oppleva i eit eige museum vegg-i-vegg med Kabuso. Sjå også gjerne filmen Han skapte liv før ei vitjing i Ingebrigt Vik museum. 

Filmen er informativ og poetisk og gjev eit biografisk bilete av bilethoggaren frå Øystese - som kunstnar og person. Han skapte liv vert vist i konsertsalen i Kabuso og varar 25 min. 

Filmen vert vist på førespurnad.