Norsk English

Ingebrigt Vik (1867-1927)

Bilethoggaren Ingebrigt Vik vaks opp i Øystese i Hardanger, der han og budde dei siste ti åra av livet. Han er ein av dei fremste bilethoggarane i norsk kunsthistorie. I løpet av 15 aktive år produserte han kring 150 verk. Verka Gamal kone og Ynglingen er kjøpt inn av Nasjonalgalleriet. Det var Ingebrigt Vik som fekk det ærefulle oppdraget å lage monumentet over Edvard Grieg som i dag står fleire stader i Bergen.