Museumsbygget

Ingebrigt Vik museum er teikna av arkitekten Torgeir Alvsaker og stod ferdig i 1934. Øystese ungdomslag var ansvarlege for reisinga av bygget, som er forma som eit oktagon. Vik hadde testamentert verka sine til ungdomslaget på det vilkår at det vart reist eit bygg for å husa skulpturane.

På byrjinga av 50-tallet vart det bygd to nisjar ved inngangspartiet for å romme dei allegoriske figurane «Malerkunstnen» og «Billedhoggerkunsten». Det siste påbygget kom i 2005, som ei forlenging av bygginga av Kabuso, og er teikna av arkitektkontoret Hille og Strandskogen.