Kabusokaféen

I kaféen i Kabuso kan du få kjøpt gode, enkle lunsjrettar, herleg kaffimat med heimebaka kaker, eit spanande kaffisortement og diverse tetypar og lokalprodusert fruktsaft.
Utvalet er hovudsakleg heimebaka og lokalproduserte freistingar, både søte og salte.   


  delitalia-2

Kabuso har utbetra kjøkentilhøva og dermed nye mogelegheiter til å utvida eigen produksjon av godsaker til kaféen. Her kjem det stadig nye freistingar. 

Her er også ein kaffibardisk der du kan nyta den fantastiske utsikta over bygda, Folgefonna og fjorden. Eller du kan sitja henslegt i sofaen med eit av våre magasin eller aviser.

Kabusokaféen er elles tilknytt Hardangermeny - ein organisasjon som arbeider for bruken av lokale råvarer og for å ivareta dei lokale mattradisjonane i Hardanger.

Kan ein nytta kafeen uavhengig av utstillings- og konserttilbodet? Klart det!
 
Velkomen til ein pust i bakken med freistingar frå Kabusokaféen!

Flere bilder

  • brownie
  • pærekake
  • grønsakspai
  • Gulrotkake
  • Tekoppar
delitalia-2

Ekstra god kaffi

Kom og smak på espressokaffien direkte frå Italia! Kraftig, mørk og rund. Capuccinoen blir topp!