Norsk English

Ekstra god kaffi i Kabuso

Kom og smak på espressokaffien direkte frå Italia! Kraftig, mørk og rund. Capuccinoen blir topp!

Paranà kaffi kjem direkte frå Italia, importert av Delitalia. Endeleg har Kabuso fått ein endå kraftigare espresso å by på, i tillegg til Illy-merket.
 
I februar 2013 fekk Kabuso elles utbetra kjøkentilhøva og dermed nye mogelegheiter til å utvida eigen produksjon av godsaker til kaféen. Her kjem det stadig nye freistingar.

Det har elles også kome til ein kaffibardisk der du kan nyta den fantastiske utsikta over bygda, Folgefonna og fjorden. Eller du kan sitja henslegt i sofaen med eit av våre magasin eller aviser.
Dei akustiske tilhøva i kaféen har elles også vorte utbetra til gode for pratelystne gjester.
Alt i alt er Kabusokaféen ein stadig betre plass å vera