Norsk English

Fagleg/administrativ leiar i Kunsthuset Kabuso

Hardanger og Voss museum har ledig stilling som  fagleg/administrativ leiar i Kunsthuset Kabuso.

Stiftinga Hardanger og Voss museum vart etablert 17. januar 2006. Museet sin visjon er å gje besøkande gode opplevingar å bryna seg på. Satsingsområdet er å ivareta den immaterielle kulturarven innan utvalde tradisjonsfag og at publikum skal læra gjennom å gjera. Museet har avdelingane Hardanger folkemuseum, Hardanger fartøyvernsenter, Voss folkemuseum, Kunsthuset Kabuso, Ingebrigt Vik Museum, Agatunet, Granvin bygdemuseum og Kvam bygdemuseum.

Kunsthuset Kabuso vart opna i januar 2006, som Hordaland fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese i Hardanger. Kabuso er eit kunsthus som presenterer skiftande kunstutstillingar og konsertar, med driftsansvar for Ingebrigt Vik museum og Hardanger Skyspace. Kabuso ligg like ved Ingebrigt Vik museum i sentrum av Øystese i Kvam, ca. 1 t 15 min. køyring frå Bergen og Voss.

Hardanger og Voss museum har ledig stilling som fagleg /administrativ leiar i Kabuso

Det vert årleg arrangert om lag seks utstillingar i Kabuso, i eit spenn frå norsk nasjonalromantikk til internasjonal samtidskunst. Det er høgt aktivitetsnivå gjennom året, med brei konsertdrift i tillegg til kafé, konferansar og arrangement.

Leiar har det faglege og administrative ansvar for kuratering og planlegging av utstillingar og konsertar, samt personalansvar og budsjettansvar.  Leiar inngår i leiargruppa i Hardanger og Voss Museum og rapporterer til direktør.

Kandidaten må ha kunstfagleg utdanning og  administrativ erfaring.

Vi ser etter ein målretta person med utdanning av høgare grad og erfaring  frå kunst- og musikkfeltet.

Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med direktør Randi Bårtvedt telefon  97710397, eller personalkonsulent Signe Skeie Brurok, telefon 97666108.

Søknadsfrist: 16.01.2017

Send søknad til: personal@hvm.museum.no