Sommarvikar

Kunsthuset Kabuso søkjer sommarvikar - som helst også kan jobbe som helgevakt utover hausten. 

Kunsthuset Kabuso vart opna i  januar 2006, som Hordaland Fylkeskommune sin tusenårsstad, og ligg i Øystese, Hardanger. Kabuso er eit kunstsenter med skiftande kunstutstillingar og konsertar. Ingebrikt Vik museum rommar ei vakker skulptursamling etter bilethoggaren Ingebrigt Vik. Kabuso og IVM inngår i Hardanger og Voss Museum.

Arbeidet omfattar omvisingar i utstillingane, avvikling av arrangement og arbeid i resepsjon og kafé.

Me søkjer deg som er glad i å jobbe med menneske, er ryddig og påliteleg.
Du må beherska norsk og engelsk godt, gjerne og andre framandspråk. Det er
avgjerande at du har ei ekte interesse for kunst og ein fordel om du har
utdanning i den lei. Løn etter avtale.

For spørsmål i samband med stillingane, ta kontakt med Sissel Lillebostad mobil 91803240 eller Karen Noer Korssjøen mobil 99225096


Søknad kan sendast til personal@hvm.museum.no innan 18.04.2018