Norsk English

Opningstider og prisar

OPNINGSTIDER KABUSO/INGEBRIGT VIK MUSEUM 


Første opningsdag i 2017 blir tysdag 3. januar. Denne første månaden i 2017 byr på fleire gode konsertopplevingar og opning av Vestlandsutstillinga laurdag 14. januar
 
Vinter 2016-17:
Tys-fre kl 11-15, laur+sun kl 11-16
Måndagar stengt

Lysinstallasjonen Hardanger Skyspace av James Turrell har eigne opningstider: ved soloppgang/-nedgang. Tidspunkta vil variera med årstidene og no om vinteren er det sein soloppgang og tidleg solnedgang.  
Ein kan også sjå bygget utan lysvisning, då med Kabuso-billett.  
Du kan også vitja Ingebrigt Vik museum, hygga deg i kaféen eller sjå ein film eller tre i konsertsalen. Du kan velja mellom filmar om Geirr Tveitt, Olav H. Hauge eller Ingebrigt Vik. Filmane vert viste på førespurnad og varar i opptil 25 minuttar.

Opningstider sommar 2017:
Tysdag - sundag kl 10 - 17                                                            
Måndagar stengt 

NB! Merk at Kabuso kan vera stengt mellom utstillingsperiodane 

INGEBRIGT VIK MUSEUM ligg vegg-i-vegg med Kabuso. Ta kontakt med resepsjonen i Kabuso for inngang her. 
I løpet av vinterhalvåret kan inngang i muséet med fordel avtalast på førehand.


BILLETTPRISAR 2017:
- Gjeld billett for utstillinga i Kabuso /Ingebrigt Vik museum + dei tre kunstnarfilmane
Vaksen: kr 90,-
Student/honnør: 55,-
Born under 16 år gratis
Grupperabatt for grupper på 15+ personar: kr 80,- per person
Fellesbillett Hardanger og Voss museum: kr 190,-
 
Les meir om filmane du kan sjå:  
Ingebrigt Vik, Olav H. Hauge og Geirr Tveitt (opptil 25 min.) i konsertsalen i Kabuso. Filmane vert viste ved førespurnad.
 

RABATTKORT
- Fellesbillett for alle besøksstadane i Hardanger og Voss museum: Eit besøk pr stad ila 2017, kr 190,-. I sal her

Kabusokortet gjev gratis inngang på alle utstillingane og 20% rabatt ved alle konsertar og arrangement der Kabuso står som arrangør. Kortet er gyldig i eitt år frå kjøpsdato og kostar kr 300,-

Kulturkort for ungdom gjev gratis inngang på utstillingane og 25 % rabatt på konsertar
 
GRUPPER
I ordinær opningstid: 80,- per pers 
Ta kontakt for omvisingar utanom opningstid. 
Prisar frå kr 750,- + betaling per person som over.
        

Velkomen til gode opplevingar i Kabuso med Hardanger Skyspace og Ingebrigt Vik museum!