2006: J.C. Dahl - Fjordlandskap (h)

Ei utstilling med 44 bilete innlånt frå Bergen Kunstmuseum og Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Johan Christian Dahl (1788-1857) sin store kunstnarlege produksjon gjev rom for mange tilnærmingar. Me har valt å dels ta utgangspunkt i plasseringa til utstillingsstaden Kabuso: Midt i det norske fjordriket. Dels har utstillinga ein historisk klangbotn.
Fjordlandskapet, og særleg Hardanger, spela ei sentral rolle i nasjonsbygginga på 1800-talet. Det gjaldt å få definert kva som var norsk. Eit romantisk natursyn breidde seg i Europa, ein søkte sublime naturopplevingar i ville og urørte landskap. I den norske nasjonsbygginga fekk kunstnarane i oppgåve å uttrykkja det nasjonale, og mange peika på Hardanger. Dei skildra Hardanger som eit sublimt landskap - men også som eit opphøga, nasjonalt landskap. Dette arbeidet var med på å gje Noreg ein identitet, som igjen var ein føresetnad for unionsoppløysinga i 1905. Dels har utstillinga også ein referanse til dagens situasjon, der fjordane er utpeika til eit særleg attraktivt reisemål, og der fjordane stadig er midt i konfliktsona mellom vern og utbygging.