Knut Åsdam - Retrospektiv (h)

Knut Åsdam (f. 1966) har i løpet av dei siste ti åra markert seg som ein sentral internasjonal kunstnar. Utstillinga i Kabuso gjev eit breitt bilde av Åsdam sin imponerande produksjon.


Utvalet av verk som vert presentert på utstillinga i Kabuso strekkjer seg frå meir ukjende arbeid frå ein tidleg fase, via gjennombrotsverket Untitled: Pissing (1995), til nyare arbeid som filmane Filter City (2003) og Blissed (2005).

Utstillinga er opplevingsbasert, men ein kan også gå djupare inn i arbeida. Sent­rale tema for Åsdam sine arbeid er knytt til mennesket si oppleving av det urbane rom, og utfordringa som ligg i å finna sin eigen identitet i ein stadig skiftande so­sial sfære. Med utgangspunkt i dette har kunstnaren teke for seg arkitektur, sek­sualitet, språk og ulike subkulturar. Fleire av arbeida hans forheld seg til omgre­pet "psychasthenia", som er henta frå den franske teoretikaren Roger Callois sine tekstar. Omgrepet viser til ein psykologisk tilstand der skiljet mellom subjek­tet og omgjevnadane vert viska ut. Åsdam peikar på korleis ein del samtidige urbane subkulturar etterstrebar denne tilstanden, gjennom mellom anna musikk, dans og rusmiddel. Han brukar også omgrepet som bakteppe for ein subtil kritikk av det moderne kapitalistiske samfunnet.

Knut Åsdam har hatt utstillingar ved ei rekkje prestisjetunge kunstinstitusjonar, som Tate Britain, Istanbul-biennalen, Irish Museum of Art, Kunsthalle Bern og Musée des Beaux Arts i Caen. Han representerte også Norge ved Venezia-biennalen i 1999.

Utstillinga er organisert av Astrup Fearnley Museum for Moderne Kunst, og har dei same komponentane som i deira Åsdam-utstilling sommaren 2006.

Utstillinga er kurert av Gunnar B. Kvaran, Hanne Beate Ueland og Grete Årbu.