Norsk English

Tina Modotti og Edward Weston - Mexico (h)

Fotografi frå Mexico i første del av 1900-talet, av Tina Modotti og Edward Weston, to nøkkelfigurar i det modernistiske fotografi.
I samarbeid med Hordaland Internasjonale Kunstgalleri 3,14.

Tina Modotti og Edward Weston brakte begge ein engasjerande og lidenskapeleg visjon inn i fotograferinga, og dei var energiske i deira kunstnarlege gjerning. Det fotografiske samarbeidet og kjærleiksforholdet deira var noko heilt eksepsjonelt. Sjølv om dette berre varte nokre få år i Mexico, er historia fascinerande nok til at den vert fortald mang ein gong.

Stiftinga 3,14 har stor glede av å bringa utstillinga Tina Modotti & Edward Weston: Mexico til våre nordlige trakter, i nært samarbeid med Kabuso. Utstillinga dokumenterer deira kunstnarlege samarbeid og dei produktive åra dei tilbrakte i Mexico. For Weston gjeld dette 1923-1926, medan Modotti virka som fotograf heilt til ho vart tvungen i eksil i 1930, og sette kurs for Europa.

Begge fotografane var sterkt påverka av møtet med Mexico - og kulturen og folket i landet. På kvar sin unike måte fann Modotti og Weston ny og inspirerande meining, for ikkje å seie identitet, som kunstnarar og menneske. Både kvar for seg og saman såg Tina Modotti og Edward Weston for seg at fotografi skulle vera eit kraftfullt og levande verktøy til å påverka haldninga i samtida deira.