Excentrum (h)

Har landsbygda vorte avantgarde?

Med dette spørsmålet som utgangspunkt vil prosjektet "Excentrum" sjå nærmare på den auka interessa for det regionale og særeigne i utkantstroka, og drøfta korleis dette kjem til uttrykk i samtidskunsten.

Utstillinga ynskjer å drøfte verdispørsmål knytt til levemåte, lokal kultur, natur, og sjå korleis dette speglar seg i delar av samtidskunsten. Har dei særeigne kvalitetane ved bygdesamfunnet vorte ei positiv motvekt til det urbane, utan kommersielle rammer der fleire ulike kunstuttrykk kan blomstra?

Deltakande kunstnarar er:
Rune Andreassen, Tina Mareen Buddeberg, Kyrre Bjørkås, Jon Eriksen, Bjørn Erik Haugen, Petter Johannisson, Ane Lan, Astri Luihn, Sinikka Olsen, Thordis Alda Sigurdsdottir og Tonje Høydahl Sørli.



Excentrum-prosjektet starta med at kurator Inger Lena Gåsemyr ville jobbe vidare med nokre av ideane frå utstillingsprosjektet The Provincialists (www.provincialists.com). Dette prosjektet hadde som mål å få fram ulike tankar omkring provinsen og det provinsielle, og samtidig sjå kritisk på korleis globalisering og sentralisering har ført til at dei ulike kunstmetropolane har blitt meir lik kvarandre. Det vart blant anna laga eit manifest for å skapa debatt rundt dette:

Postulat I: Vi ser på heile Norden, medrekna våre eigne små hovudstader, som del av ein globalt orientert kunstprovins.
Postulat II: Dei kunstnarlege uttrykka våre er viktige, og det faktum at vi kjem frå provinsen gjer desse uttrykka sterkare.
Postulat III: Medan globaliseringa gjer kunst- og kunstverksemda i storbyane meir einsretta, vil interessa auka for kunst som kjem frå små stader.

Tre av provinsialistkunstnarane, Ane Lan, Astri Luihn og Thordis Alda Sigurdardottir, er med i Excentrum. Sjølv om dei arbeider med ulike uttrykk (video, maleri og installasjon) har dei det til felles at dei stiller seg kritisk til nokre av dei verdiane og det levesettet vi har i dag.

Prosjektet vart utvida med urbane kunstnarar som har andre perspektiv og som med dette får fram dei spenningane som ligg i omgrepet provinsialisme. Dei sju kunstnarane Rune Andreassen/Kyrre Bjørkås, Jon Eriksen, Bjørn Erik Haugen, Petter Johannisson, Sikikka Olsen og Tonje Høydahl Sørli har tidlegare stilt ut saman på utstillinga "Nature is what surrounds us" som vart vist på Kunstverket i Oslo hausten 2007.

Ideen bak utstillinga var å ta opp ein allereie eksisterande diskurs: om kunsten sin relasjon til naturen, og natur som objekt for kunst og kunstnarleg praksis. Vi fann ut at det var interessant å få vise ein ny generasjon kunstnarar, stundom kalla MTV-generasjonen, inn i Excentrum. Då med skulptur, installasjonar, teikning, foto og video. Arbeida er nyfikne på naturen, men har samstundes ein distanse til han.

Tina Mareen Buddeberg blei valt ut sidan ho tar eit steg lengre ut når det gjeld å ta i bruk naturen i sitt kunstnarlege arbeide. Ho var tidlegare urban kunstnar, men flykta frå byen og bur og arbeider no åleine i Sollia i Østerdalen. Tina sitt kunstverk "Sansepostar" er eit stadsspesifikt kunstverk som skal opplevast utandørs. Dette verket vil kanskje kunne vise noko nytt med det vakre landskapet ein trur ein kjenner både frå dagleg omgang og kjende maleri.

Det har vore viktig for både Kabuso og kurator å ta sjansar på mange felt gjennom arbeidet med utstillinga, og å våge å la mellom anna kunstnarane sjølv komme til ordet. Kunstnarane si stemme vil ein kunne lese i tekstsamlinga og vi trur at dette grepet vil gi ein ekstra dimensjon til opplevinga av kunsten.

Excentrum er vonleg ikkje ei utstilling ein berre går inn og ser før ein forsvinn ut i dagleglivet igjen. Vi vonar publikum vil drøfte tankane som vert lufta her, og at utstillinga kan vise at samtidskunst handlar om livet til folk og at kunst har relevans for alle.

Som symbol for utstillinga har vi valt Exentrum-blomen, utforma av Nina Ansten, som er eit uttrykk for spenninga mellom det kommersielle og det tradisjonelle, mellom det travle og det rolige.


Sjå blogg for Excentrum:

http://excentrumkabuso.blogspot.com/search?updated-min=2008-01-01T00%3A00%3A00-08%3A00&updated-max=2009-01-01T00%3A00%3A00-08%3A00&max-results=7

 

Flere bilder

  • Excentrum, hengende sko fra taket
  • Excentrumrose, brodert av publikum
  • Excentrumavis