Nikolai Astrup - Mystikk i sommarnatta (h)

I samarbeid med Bergen Kunstmuseum syner Kabuso sommaren 2008, maleri av Nikolai Astrup (1880-1928).

 Han har som ingen anna kunstnar klart å fanga mystikken i den vestlandske naturen.

Astrup levde det meste av livet i barndomsbygda Jølster og henta praktisk talt alle motiva derifrå. Som mange andre kunstnarar i samtida, var han opptatt av lokal kultur og bevaringa av denne. Dette er noko dei mange maleria, av mellom anna St. Hansbål, vitnar om.