Norwegian Wood - eil labaratorium (h)

Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

"Norwegian Wood - eit laboratorium. Miljøvenlig trearkitektur for framtida" er den fulle tittelen på den første arkitekturutstillinga i Kabuso.

Norwegian Wood er opphavleg eit av dei største prosjekta i Stavanger 2008 - europeisk kulturhovudstad. Prosjektet tok utgangspunkt i at Stavanger er den største trehusbyen i Europa, og gjennom Norwegian Wood ynskte ein å vidareutvikla tradisjonen gjennom femten nyskapande byggeprosjekt.
Viktige kriterier for byggeprosjekta var lavt energiforbruk, miljøvenlege material, designprisipp for universell utforming og nye byggeprinsipp i tre.

Utstillinga i Kabuso gjev ein presentasjon av Norwegian Wood-prosjekta med fokus på både prosess og ferdige resultat. Kriteria for prosjekta vert også presenterte, og omgrep som berekraft, energieffektivitet, universell utforming og bruk av miljøvenlege material i framtdsretta arkitektur vert sett lys på.
Utstillinga vert presentert gjennom foto, film, modellar, materialprøvar, lyd spel m.m.