Inga S. Søreide - Du går fram til havet, opnar og stenger etter deg (f)

I foajéutstillinga som vert vist frå 3. november 2011 viser Inga S. Søreide ein installasjon som inneheld seks nye verk.

Installasjonen er sett saman av akrylmåleri og skulpturar. I det eine måleriet ser ein eit hovud oppstilt framfor ei trerot. Ut av auga på hovudet stikk det eit kraftig tauverk, som dannar ein stor kveil lengre nede i biletflata.
Eit anna verk i installasjonen er ein skulptur i voks av kunstnaren si hand. Inne i handa har det vore brennande fyrstikker, og handa har smelta. Det som er att, er restane av objektet.

Arbeida kombinerer kroppsdelar saman med andre motiv eller readymades. I måleria blir naturen brukt som metaforisk materiale. Kunstnaren ynskjer å oppnå ein intensitet som grip inn i psykologien og det metafysiske. Verka freistar også å sei noko om ulike vilkår i samfunnet, sosiale aspekt og menneskelege situasjonar.

Tittelen Du går fram til havet, opnar og stenger etter deg er lånt frå eit dikt av poeten Bruno K. Öijer. Med denne tittelen dannast det ei kopling mellom staden Øystese (som ligg vend mot havet/fjorden) og presentasjonen av nye verk.

Inga S. Søreide (1982) er utdanna biletkunstnar med bachelor- og mastergrad frå Noreg og Tyskland. Året 2009 uteksaminerte ho frå Statens kunstakademi i Oslo. 
Søreide bur no i Bergen, der ho arbeider innanfor fagfelta skulptur, installasjon og måleri. I dei siste åra har ho hatt fleire separatutstillingar og delteke på ei rekkje gruppeutstillingar.
I oktober 2012 skal Søreide ha ei separatutstilling på Galleri 21 i Malmø i Sverige.



Les meir på heimesida til kunstnaren: www.ingassoreide.com 

Utstillinga er komen i stand med økonomisk støtte frå Norsk kulturråd.