Norsk English

Renberg og Shimizu - Damsgård (f)

I samarbeid med Hordaland Kunstsenter viser Kabuso no foajéutstillinga Damsgård av Øyvind Renberg og Miho Shimizu.

Som eit resultat av eit omreisande gjestekunstnaropphald ved Hordaland kunstsenter viser Kunsthuset Kabuso Øyvind Renberg og Miho Shimizu sitt nye verk Damsgård i perioden frå 20. august til 20. september.

Med Damsgård tar kunstnarane utgangspunkt i japanske biletrullar, og utforskar rommet mellom dokumentasjon og fiksjon. Verket er blitt til som ei følgje av reiser på Vestlandet, mellom landemerke i naturen, museum og gamle hovudgardar i Hardanger, Bergen og Voss. Denne reisa kan ein sjå som ein metode for å sjekka status for norsk folkearv. Gjennom gjensyn med landskap og stader med særleg tilknyting til nasjonal identitet set kunstnarane fokus på ein hybridisert samtidskultur. Renberg og Shimizu ser ofte på landskapet med i vidvinkelperspektiv. Gjennom dette skapar dei eit vindauge til både ei sanseleg og ei biletleg verd. Biletrullen strekker dette vidvinkelperspektivet til å verta ei visuell reise.

Skisser til dette verket vart vist i utstillinga Upstrearm på Hordaland kunstsenter i 2010. Biletrullen som vert vist på Kabuso er den første i ei rekke biletrullar. Denne første rullen har designet til ein silketrykka tapet med eit repeterande blomemotiv som er utvikla etter teikningar frå hagen til Damsgård Hovedgård i Bergen. Hovudgarden vart bygd på 1700-talet.

Greske miniatyrsøyler er den strukturelle kjernen i biletrullen. Denne er produsert i samarbeid med keramikkavdelinga på Kunsthøgskolen i Bergen. Den dekorerte oppbevaringsboksen er spesiallaga av Buchbinder Klünder i Berlin.

Miho Shimizu og Øyvind Renberg (fødd 1976, høvesvis i Tokyo og Oslo) er utdanna frå Godsmiths College i London i 2000 og 2001. Samarbeidet deira er inspirert av reiser der dei utforskar kulturelle overgangar og avvik. Deira kunstnariske arbeid har blitt til i møte med museumssamlingar, kunstinstitusjonar og i lausare sosiale samanhengar. Desse møta har resultert i ulike kunstnariske uttrykk, både collagar, tablåar, møblar, musikk og designobjekt.

Frå 2001 til 2009 kalla dei seg Danger Museum. Dei har tidlegare stilt ut på inIVA (London), Sparwasser (Berlin), Art Space Hue (Seuol), Art in General (New York), Galeria Arsenal (Bialystok), Preus Museum, Oslo Kunstforening, Stenersen Museum og UKS. Dei har òg hatt gjesteopphald ved Ssamziespace (Seoul) og Peacock Visual Art (Aberdeen).

Prosjektet er støtta av Statens utstillingsstipend, Vederlagsfondet og Norsk kulturråd.

Kunstnarane vil takka produksjonsassistentane Ingeborg Blom Andresskog og Martin Woll Godal, og Anne Helen Mydland ved Kunsthøgkolen i Bergen for å tilretteleggja produksjonen. Hordaland kunstsenter takkar Kunsthuset Kabuso for gjestfridom og vertskap for prosjektet.