Norsk English

11.04 -17.05: Hans E. Kinck 150 år. Illustrasjonar av Astrup & Egner (h)

Kabuso feirar 150-årsjubileet til forfattaren Hans E. Kinck med ei utstilling av illustrasjonane Thorbjørn Egner og Nikolai Astrup gjorde til nokre av dei mest kjende og kjære novellene hans, som "Han som var saa fæl til at fri", "Den nye kapellanen" og "Hvitsymre i utslaatten".

Illustrasjonane er ikkje tidligare vist saman og i dette omfang. Utstillinga inneheld tresnitt, grafikk, måleri og originale trykkplater av Nikolai Astrup, fargelitografi og tresnitt av Thorbjørn Egner.

"Hans E. Kinck 150 år. Illustrasjonar av Nikolai Astrup og Thorbjørn Egner" skal vidare synast på Astruptunet ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum sommaren 2015.

Utstillinga står til og med 17. mai. 

Flere bilder

  • Kinck trykk par
  • Kinck treplate
  • Astrup_Kinck