Norsk English

07.02-01.03: Marius  Moldvær - Heimat/Hiraeth (h)

Marius Moldvær sitt kunstnariske virke er plassert i kryssingspunktet mellom natur og kultur; korleis landskap framstår som ein rein fysisk form, korleis det er vidare forma gjennom menneskeleg påverknad, og korleis stader vert konstruerte både fysisk, kulturelt og mentalt.

I utstillinga HEIMAT/HIRAETH ved Kabuso 7. februar til 1. mars 2015 vil Moldvær gå djupare inn i temaet heim, då både med utgangspunkt i sin eigen heimstad Aurland, samt dei to uttrykka Heimat og Hiraeth. Mellom den fysiske heimstaden og dei to uoversettbare orda, ynskjer Moldvær å diskutera korleis ein kan kjenna seg igjen i eit landskap, korleis ein kan tilhøyre ein fysisk stad, lengte tilbake til han, samstundes som "heim" er noko uhandterleg, utan grenser og fysiske rammer. Det er denne todelte forståinga av Heim som Moldvær vil forsøka å føra saman i utstillinga Heimat/Hiraeth, der han meiner at ei forståing av Heim som anten eit fysisk landskap eller ei emosjonell kjensle er utilstrekkkeleg; det er heller i symbiosen mellom desse to forståingane at kompleksisteten og den fulle utstrekninga av heim kan verta funnen.