Norsk English

12.09-01.11: Temp - ...either way - (h)

Kunstnargruppa TEMP består av dei fire kunstnarane Heidi Bjørgan, Ruth Moen, Anne Helen Mydland og Anne Thomassen, som alle har leire som hovudmateriale. Utstillinga ...either way - tek utgangspunkt i Ingebrigt Vik sin kunstnarskap og arkitekturen i museet og Kabuso, og syner ein kombinasjon av felles verk og sjølvstendige arbeid frå kvar enkelt kunstnar.

TEMP viser eit stadsspesifikt utstillingskonsept i Kabuso og Ingebrigt Vik museum. 

Ingebrigt Vik vert rekna som ein av dei viktigaste bilethoggarane i norsk kunsthistorie. Mellom dei mest kjende verka hans finn vi Ynglingen, Arbeidaren og Edvard Grieg. Vik hadde ein solid og mangesidig handverksbakgrunn som kunstnargruppa Temp utforskar i utstillinga, der dei einskilde verka på ulike måter speglar dei prosessane som Vik har nytta seg av. Temp skapar også nye liner mellom den særeigne åttekanta museumsbygninga frå 1934, teikna av Torgeir Alvsaker, og den moderne arkitekturen i Kabuso (2006), teikna av Hille Strandskogen Arkitekter.

Les meir om Temp: www.tempartistgroup.com 

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd

Kulturraadet Sort Stor



Foto: Heidi Bjørgan/TEMP