Norsk English

04.06-25.09: Olav Christopher Jenssen - Colibri in Hardanger (h)

Olav Christopher Jenssen (f. 1954) vert rekna for å vera ein av vår tids viktigaste kunstnarar. Dei abstrakte, ofte fargesterke måleria og installasjonane hans, tek utgangspunkt i natur og landskap. 

Utstillinga Colibri i Hardanger syner ei rekkje nye verk, måleri og skulptur som ikkje har vore vist i Noreg tidligare. Utstillinga er Jenssen sin fyrste på Vestlandet sidan han var festspelkunstnar i Bergen i 2000 med Palindrome. Inkluderer og illustrasjonar Jenssen har gjort til Jon Fosse sine dikt som nyleg er gitt ut i Tyskland.

Omvising i utstillinga kvar sundag klokka 12.30.
 
Utstillinga har fått forlenga visningsperiode og står t.o.m. sundag 25. september. 


Oppdatert 08.09.16