Norsk English

08.10-11.12: Toril Johannessen - Unlearning Optical Illusions 

T.o.m. sundag 11. desember kan du oppleva utstillinga Unlearning Optical Illusions av Toril Johannessen i Kabuso. Sjå den flotte omtalen utstillinga fekk på Kunstkritikk.no 

Unlearning Optical Illusions er haustens storutstilling i Kabuso. Toril Johannessen tekutgangspunkt i, eller trekkjer vekslar på, vitskapshistorie, naturvitskapeleg fenomen og vitskapeleg metode. Det er ekstra aktuelt for Kabuso å presentere Toril Johannessens arbeid same haust som me opnar Turrells Hardanger Skyspace. Kabuso presenterer to kunstnarar som begge aktivt undersøker omgrepet persepsjon, og som nyttar persepsjon som plattform for sine kunstnarskap.

Toril Johannessen (f. 1978) har ein MA frå Kunst- og designhøgskulen i Bergen, Mountain School of Art i Los Angeles og eit års residency på Wiels i Brussel.
Johannessen har i dei seinare år stilt ut på fleire sentrale visningsstader i Europa, blant anna DOKUMENTA (13) i Kassel (2012) og Istanbulbiennalen (2013). Sommaren 2016 har ho ei separatutstilling i Trondheim kunstmuseum, og hausten 2016 viser Nasjonalmuseet / Museet for samtidskunst Johannessen og Tue Greenfort si utstilling "Norsk Natur".
Johannessen har tidlegare hatt separatutstillingar ved Unge Kunstneres Samfund, Lautom Contemporary, Hordaland Kunstsenter og Bergen kunsthall NO.5, har delteke på gruppeutstillingar på Wiels, Witte de With, Palais de Tokyo m. fl., og har for tida eit pågåande samarbeid med designarane i Haik, der dei tilverkar nye versjonar av tekstilane frå Unlearning (sjå omtale nederst).

I kunstnarskapen sin er Toril Johannessen oppteken av forholdet mellom kunst og vitskap, og arbeida hennar tek gjerne utgangspunkt i vitskapshistorie, naturvitskaplege fenomen og vitskapleg metode.

Unlearning Optical Illusions er samansett av ein serie tekstilar, fotografi og ei bok.
Tekstilane vart vist under Skulpturbiennalen i 2015 i Vigelandmuseet, og den meist heilskaplege varianten av «Unlearning Optical Illusions» til no vart vist sommaren 2016 på Trondheim kunstmuseum. Den har altså fått glimrande kritikk, blant anna på kunstkritikk.no

I haust vert utstillinga vist for første gong på Vestlandet, i hovudsalen til Kabuso. Prosjektet tek utgangspunkt i psykologi og persepsjon, og stiller saman to ulike biletkulturar og deira bakgrunn:
Vestleg forsking på geometriske optiske illusjonar, og austleg tekstilhistorie. Tekstilane minner om tradisjonelle vestafrikanske mønstra tekstilar. Dei er produserte i Ghana, men typen "voksbatikk" som vert brukt stammar opphavleg frå Indonesia.
Etter kvart vart dei industrialisert i Nederland, så
eksportert til Vest-Afrika på slutten av 1800-talet. I dag reknast teknikken og uttrykket for å vera ein del av afrikansk identitet.
Ved nærare ettersyn viser det seg at Johannessens tekstilar ikkje har
vestafrikanske mønster, men at mønstera er kjende optiske illusjonar oppdaga av vestlege vitskapsmenn som Müller-Lyer, Hering og Zöllner.

Moderne persepsjonsforsking har argumentert for at optiske illusjonar vert oppfatta ulikt ut i frå kva for ein kultur ein kjem frå, og optiske illusjonar har
vore brukt i forsking på kulturskilnader og persepsjon. Dette funnet har det seinare blitt sådd tvil om, og Johannessen går gjennom prosjektet i dialog med både forskingshistoria og metodane, og let publikum reflektere over både skapinga av kulturell persepsjon og sin eigen kulturelle persepsjon.
Utstillinga kan altså lesast på fleire nivå, òg innanfor rammene av det multikulturelle Noreg, og Johannessen stiller spørsmål om korleis vi ser på og handlar i høve til omgjevnadene våre.

Det er ekstra interessant for Kabuso å presentere Toril Johannessen sitt arbeid same hausten som vi opnar Turrell sin Hardanger Skyspace. Vi kan presentere to kunstnarar som begge aktivt undersøkjer
omgrepet persepsjon, og som bruker persepsjon som plattform for kunstnarskapen.


Unlearning The Hering Illusion Gtp

Filer