Norsk English

12.03-17.04: Øystein Klakegg (h)

Klakegg sine fotografi skildrar med eit skråblikk dei fascinerande absurde, men likevel kjende omgjevnadene våre på Vestlandet. I utstillinga presenterer Klakegg bilete som skildrar kvardagsobservasjonar i stort format.

«Øystein Klakegg oppsøker stader som badestranda, naturstien, ferjekaia, fotballbanen, cruisehamna. Stader som vi har tatt for gitt og som vi for lengst har glømt å sjå. Han viser oss at alt må oppdagast på ny og på ny. Ikkje minst må vi gjenoppdage stadane som er våre eigne, dei som ligg tett på oss. Fordi dei i si familiære form er fråtatt all mystikk, all eksotisme, alt drama.» skriv Frode Grytten med ei oppmoding om å lære noko av Klakegg sitt blikk.

Øystein Klakegg arbeider til dagleg som reklamefotograf. Kunstfotoa har komme til parallelt og står i sterk kontrast til dei styla og objektfokuserte reklamefotografia. Nokre av fotografia strekk seg heilt tilbake til 90-talet, medan andre er frå dei seinaste åra.