Norsk English

02.06-26.08: Felieke van der Leest - Frå Spermheart til Miss Universe

Felieke van der Leest skapar iaugefallande smykke satt saman av edelmetall, tråd, plastdyr og tekstile teknikkar. Smykka ber på eigne historier og kan sjåas som skarpe observasjonar med mykje humor bygt inn.  Sommarens utstilling i Kabuso er via hennar kunstnarskap i heilskap og presenterer hennar særeigne uttrykk utvikla gjennom dei siste 20 åra.

Smykka til van der Leest er rike på detaljar. Dei er forteljande smykke som og fungerer som miniatyrskulpturar. Klede og tilbehør gir leikedyra ny identitet og menneskelege trekk. Smykka vert først opplevd som humoristiske med sine uventa kombinasjonar, men i fleire av smykka ligg det og eit alvor under. Menneskeleg dårskap vert tematisert og latterleggjort, og tema som krig, miljø og dyrevelferd er kritisk antyda.

Felieke van der Leest (f. 1968) kjem frå Emmen i Nederland, men har vore busett i Øystese sidan 2008. Ho er representert i fleire internasjonale samlingar som Victoria & Albert Museum, London og Cooper Hewitt museum, New York og sel smykke i Tokyo, New York og Amsterdam. Denne sommaren stiller kunstnaren ut på den nye heimstaden sin.

>>> Sjå nettstaden til Felieke van der Leest