Norsk English

03.11-10.02: Harrang/Havaas/Lillefosse

Fire ulike produksjonar av fire ulike personar, to frå naturvitskapen og to kunstnarar, fyller Kabuso i perioden 3.11.18-10.2.19.

 

Kunstnar Ine Harrang (1960-) har bygd ein installasjon sett saman av 1500 gamle Norgesglass. Frå den omfattande samlinga etter naturforskaren Johan Havaas (1864-1956) vert det vist meir enn hundre år gamle prøver av lav og ein sjeldan Flora Danica. Plantesamlar og statsstipendiat Torkel Lillefosse malte over 750 botaniske akvareller i løpet av sitt liv, av desse avdekkast nokre over hundre. Alt dette sjenerøst lånt ut av Universitetet i Bergen og Havaas-samlinga i Granvin. Kabuso har og gleda av å vise kunstnaren Ingrid Pasmans med hennar Hardanger Herbarium, som ho laga i løpet av sitt opphald i Ålvik.

Samla er dette en utstilling om å sjå, legge merke til, oppdage, undre seg over samanhengar og kvifor ting er som dei er. Det er også ei utstilling om å glede seg over dei små tinga.

Lav og mose er lite påakta, men ved nærare studium stig dei fram i all si vakre særeigenheit som hemmelege hagar og skogar i eit ørlite format. Dessverre hamnar stadig fleire av våre 3000 arter på raudlista. Blomar og planter trer sjeldan fram individuelt, dei er del av ei innfløkt og samanhengande verd. Det er og først no i den seinare tida at det hemmelege livet plantar og trær deler, er blitt kjend for oss. Dei tenkjer, viser omsorg, handlar aktivt i møte med øydeleggjande krefter og utviklar forsvar og kamuflasje.

Utstillinga er ein hyllest til det livsdugelege enkeltmennesket, ein glede over evna til å sjå verdi i detaljar, og ein stille protest mot øydeleggingane vi moderne mennesker står ovanfor.
Store endringar hender rundt oss, konsekvensane er omtala i tallause dokument, men vi trudde lenge vi hadde betre tid. Ver-rekordar blir slått, varme og regn, ras og flaum. Det er lett å kjenne på avmakt. Ulike løysingar, nokre er kanskje berre som halmstrå å regne, grip ein likevel med begge hender og vert omsett i handling. Langsamt endrast óg korleis me ser på trer, havet, dyr og menneskenes plass i alt dette, og kva vi tolkar ut av det vi ser.

Me ser etter den vesle endringa som gjer at været skiftar - og me tar oss i å gripa etter paraplyen, slagstøvlane og letta lemper ut tungsinnet. Utstillinga er ein søken, ikkje etter kva, men etter eit korleis. Å ta inn, sjå, kanskje teikne, og med det trene blikket, som igjen skjerpar husken. Landskapet mellom hukommelse og førestilling er kanskje forma av dette produktive samspelet, mellom minna lagra i gamle arkiv og det skapande blikket.


Ine Harrang I Kunsthuset Kabuso Øystese Foto Paal Hoff 455