Norsk English

03.11-10.02: Ingrid Pasmans: Hardanger Herbarium

Ingrid Pasmans er biletkunstnar og bur og arbeider i Amsterdam. I august og september 2018 hadde Pasmans opphald som kunstnar på KHMessen i Ålvik. Naturen i Hardanger blei veldig inspirerande for henne. Pasmans laga i perioden eit Hardanger Herbarium; plantar, blad, blomar og tang funne i Hardanger, tørka mellom arka i eit gammalt norsk leksikon. Ho brukte plantar frå Hardanger til kunstverka; to 2,5 meter høge akvarellar av viltvaksande plantar og ein installasjon av fliser av porselen. Akvarellane var og ein del av ei utstilling i Odda i september 2018.

Ingrid Pasmans sitt arbeid er sett saman av teikningar, akvarellar og porselen, i tillegg til prosjekt for det offentlege rom. Opplevinga av natur og historie er ei viktig inspirasjonskjelde. Verka ber preg av ei viss skjørheit, og materiala som vert brukt er ofte arbeidskrevjande. I tillegg til å arbeide i sitt eige atelier, underviser ho på Rijksmuseum og Hermitage Museum Amsterdam, og ho arbeider med sosiale kunstprosjekt.