Norsk English

Kristin Lindberg - Broderte Pikslar

7.juni - 21.oktober 2018 visar Kabuso «Broderte Pikslar» av Kristin Lindberg. Kunstverket består av 26 handbroderte kvadratar, 40 cm x 40 cm, og er montert i foajeen. 

Tekstilane er brodert i samarbeid med ei gruppe kvinner på Sri Lanka. Lindberg har arbeid i lag med dei sidan 2014, med produksjon av fleire av hennar store, broderte kunstverk. Lindberg oppdaga tidleg at dei delte same broderiteknikk. Det me kjenner frå eigen tradisjon, Selburosa, er og ein del av tradisjonen på Sri Lanka. Der går forma under namnet åttebladlotus og er del av tradisjonell tekstildekor. For Lindberg har dette samarbeidet blitt svært meiningsfylt,  for som ho seier: Eg får drive med kunst og samstundes løne ti kvinner som kan brødfø sin familie.

I installasjonen «Broderte Pikslar» søkjer Lindberg å minimere virkemidlane til nokre få typar sting, brodert på tre ulikt farga tekstil. Dei forskjellige underlagsfargane skimrar gjennom den tett broderte overflata, noko som tilfører dei monokrome flatene subtile fargespill. At kvadratane er brodert av fleire gir dei og ulik framtoning, med overraskande stor variasjon.

Lindberg er født 1950 i Oslo, og blei uteksaminerte frå Kunsthøyskolen i Oslo 1973. Ho arbeider i ulike kunstuttrykk som foto og installasjon med hovudvekt på tekstil og har blant anna blitt karakterisert som fornyar av norsk åkletradisjon.

 

>>>Les meir om kunstnarskapen til Kristin Lindberg her

 

Flere bilder

  • Fiolett
  • Kristin Lindberg Til Kunsthuset Kabuso
  •  Mg 8996