Norsk English

14.04-20.05: VU2018 - Trudi Jaeger

Lys, fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar Trudi Jaeger går i dialog med og abstraherer. Utstillinga QUARTUS Illuminations - Atlas Littoralis består av måleri og arkitektoniske grep i utstillingsrommet i Kabuso.     

Trudi Jaeger jobbar stadsrelatert med maleri og teikning som ofte har utspring i sårbare områder som rører ved henne, slik som den unike kystfloraen på Vestlandet, som har måtta tilpassa seg dei harde omgjevnadene. Lys fargar, transparens, tid, nerve og kartografi er komponentar ho går i dialog med og abstraherer. Hennar prosess kan sjåast i samanheng med action painting, der konsentrert nærvære som meditativ performance, fullstendig ro og konsentrasjon er essensielt. Utstillinga 'QUARTUS Illuminations - Atlas Littoralis' vil bestå av maleri og arkitektoniske grep for å relatere dei romlege spenningane i arbeida til utstillingsrommet i Kabuso.

Utstillinga vert kuratert av Randi Grov Berger og inngår i Vestlandsutstillingen 2018 (VU18), ei annleis utgåve av den tradisjonelle landsdelsutstillinga. VU18 består av seks separatutstillingar, og inkluderer visningsstadane Kunsthuset Kabuso, Sogn og Fjordane Kunstmuseum i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag, Haugesund Billedgalleri i samarbeid med Haugesund Kunstforening, Jugendstilsenteret og KUBE, Entrée og Kunsthall Stavanger. VU18 presenterer kunstnarane Ragnhild Aamås, Magnhild Øen Nordahl, Trudi Jaeger, Eivind Egeland, Karen Skog og kunstnarduoen Blomgren & Skuladottir, som samla utgjer ein breidde i det som skjer på den vestlandske kunstscena.