Norsk English

27.05-03.09: Gustav Metzger - The Table Series

Gustav Metzger (1926-2017) var ein pioner innan aktivistisk kunst. Utstillinga i Kabuso syner eit stort utval måleri og teikningar frå 1950-talet - the table series. Dette er fyrste gong eit større utval arbeid frå denne perioden vert stilt ut samla. 

Bileta er ekspressive og førestiller bord, men kan og minne om soppskyer frå hydrogenbomber. I 1959 gjekk Metzger heilt vekk frå måleriet og byrja laga kunst av kvardagslege objekt og med industrielle material. Metzger sitt samfunnsengasjement kjem tydeleg til uttrykk gjennom installasjonane Mirror Trees og Mass Media: Today and Yesterday som tek plass i utstillinga.

I fleire tiår har Metzger vore ein del av undergrunnsmiljøet i London og har dei seinare åra hatt stor innverknad på yngre generasjonar kunstnarar. Miljørørsla har hatt ei sentral rolle i kunstnarskapen hans, kor han har tematisert klimaendringar og økologisk øydelegging i fleire verk og større prosjekt. Korleis massemedia har formidla samfunnsutfordringar har oppteke Metzger i sterk grad og gjør han til ein relevant kunstnar for vår eiga tid. Mass Media: Today and Yesterday oppmoder publikum om å sjå nærare på dagsavisene med eit kritisk og granskande blikk. 10 000 lokalaviser frå Hordalandsregionen utgjør kjernen i verket. Mirror Trees er tre utan greiner og blad, vend opp ned og støypt i betong med røtene veivande i lufta. Verket speglar brutaliteten menneska i vår tid utøvar mot naturen. Det er ikkje tilfeldig at Metzger stiller ut i Hardanger, ein region som dei seinare åra har vore sterk knytt til miljøaktivisme.

Metzger er og kjend for å ha skapt sjangrane auto-destructive art (sjølvøydeleggande kunst) og auto-creative art, som vert ståande som referansepunkt i moderne kunsthistorie. Gjennom bruk av syre på nylon laga han kunstverk som stod for si eiga øydelegging og samstundes fortsette ein kreative prosess utan kunstnaren sin medverknad. På slutten av 1970-talet tok han initiativ til kunstnarstreikar i protest mot ei stadig meir kommersialisert kunstverd. Dei siste åra hadde han fleire større utstillingar, mellom anna ei retrospektiv utstilling på Serpentine Gallery i London i 2009 og han vart via stor plass under dOCUMENTA(13) i Kassel. I 2015 kunne ein for fyrste gong sjå Metzger sine verk i Noreg på Kunstnernes Hus og i Kunsthall Oslo, kor fleire sjølvøydeleggande verk vart gjenskapa. Metzger vart fødd i Nürnberg i Tyskland, men kom 13 år gamal saman med broren til England som jødisk flyktning.


Utstillinga er kuratert av Kabuso, saman med Leanne Dmyterko ved Gustav Metzger studio og Synnøve Marie Vik.


Kabuso Gustav Metzger 1083B Web